Norske styresmakter ønskjer at alle husstandar har eit beredskapslager med drikke, mat og nødvendig utstyr. På den måten kan styresmaktene rette innsatsen mot dei som ikkje kan klare seg sjølv i ein krisesituasjon.
Planlegg eit beredskapslager for familien din og berekn kor mykje det vil koste.
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kor mange er det i familien?
- Kor lenge skal beredskapslageret vare?
- Kva må familien ha?
- Kva bør familien ha?
- Info frå DSB: www.sikkerhverdag.no