4 hakkespettar blir til saman 8 bein (\(4\cdot2\) ben).
3 rådyr blir til saman 12 bein (\(3\cdot4\) ben).
2 kråker blir til saman 4 bein (\(2\cdot2\) ben).
Til saman har desse dyra 24 bein (8 bein + 12 bein + 4 bein).
Vi veit at til saman har alle dyra på dyreskulen 44 bein.
Det betyr at det er 20 piggsvinbein (44 bein – 24 bein) på dyreskulen.
Piggsvina har 4 bein kvar. Å finne ut kor mange piggsvin som går på dyreskulen, kan ein gjere på fleire måtar. Her er to løysingar ved hjelp av tallinja:
- Du kan leggje til 4 og 4 (talet på bein på eit piggsvin) til du kjem til 20 (talet på bein på alle piggsvina), for så å telje opp kor mange firarar (talet på piggsvin) du fekk til saman. På tallinja kan det sjå slik ut (pila viser kvar du begynner). Tel du opp talet på firarar, ser du at det er 5 av dei, altså er det 5 piggsvin som går på dyreskulen.
- Du kan begynne med 20 bein, for så å trekkje frå 4 bein (eit piggsvin) om gongen heilt til du ikkje har fleire bein igjen. På tallinja kan det sjå slik ut (pila viser starten i motsett ende av tallinja). Tel du opp talet på firarar, ser du at det er 5 av dei, altså er det 5 piggsvin som går på dyreskulen.
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
Denne oppgåva kan hjelpe elevar med å arbeide strukturert med problemløysingar. Her kan dei også jobbe med problemløysingsstrategien «arbeide baklengs». Elevane får bruk for fleire rekningsartar. Dei må bruke addisjon og gjenteken addisjon/multiplikasjon, dei må fordele piggsvinføter (divisjon), og dersom dei nyttar seg av strategien «arbeide baklengs», møter dei subtraksjon.
Mogleg tilnærming
Ha biletet godt synleg for elevane, for eksempel på ein smartboard. Du kan gjere elevane nysgjerrige når dei ser på biletet, ved å seie noko om at dette er ei spennande utfordring. Deretter introduserer du aktiviteten munnleg for elevane. Når ein gjennomfører aktiviteten på småtrinn, bør klassen arbeide i grupper på 2–3 elevar.
Be elevane om å tenkje individuelt over korleis dei kan begynne. Be dei deretter diskutere ideane sine med ein medelev. Diskuter til slutt i heile klassen. Sjå etter gode strategiar og kva for rekningsartar som kjem fram.
Gode rettleiingsspørsmål
- Korleis kan du begynne, og kvifor?
- Må du begynne framanfrå? Kan du prøve å løyse oppgåva ved å jobbe bakfrå (strategien «arbeide baklengs»), og sjå om du får nokre idear etter å ha prøvt det?
- Korleis held du god oversikt over det du har funne ut?
- Kan du løyse oppgåva ved å bruke andre rekningsartar?
- Kor mange bein har alle rådyra til saman?
- Kva med alle kråkene? Og hakkespettane?
- Kan du finne ut kor mange bein piggsvina har til saman?
Mogleg utviding
Dyra på dyreskulen fekk i lekse å samle konglar. Dyr med fire føter skulle samle 5 konglar kvar, medan dyr med to føter skulle samle 3 konglar kvar.
- Kor mange konglar samla alle fuglane til saman?
- Kor mange konglar samla rådyra?
- Kor mange konglar samla alle dyra inn i samband med leksa?
Du kan også utfordre nokre elevar til å lage oppgåver der dei andre svaralternativa blir rette, eller finne ut kor mange rådyr eller fuglar dei må leggje til eller fjerne for at dei andre svaralternativa skal bli rette.
Mogleg støtte
Somme elevar kan trenge hjelp til å strukturere utprøvinga. Her kan dei anten addere og/eller multiplisere frå starten av oppgåva. Elevane kan også begynne bakfrå med 44 føter, og subtrahere bort føter dei kjenner til. Når dei kjem til at det er 20 piggsvinføter på dyreskulen, kan det vere til hjelp å nytte seg av teljebrikker for å fordele 4 føter for kvart piggsvin.
Dyra kan også representerast med enkle teikningar.