Kor mange er det plass til i heisen?
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kor store er menneska?
- Er det andre tinget enn menneske som skal vere med i heisen?
Mogleg utviding
Kan de vise kor mange det er plass til ut frå kor stor vi reknar med ein person er?
Kor stor bør ein slik heis vere?