Ein nyheitsredaksjon fann ut at kryptofabrikkane i Nord-Noreg brukte rundt 440 GWh på eitt år.
Kor stort område trengst dersom vindturbinar skal forsyne kryptofabrikkane med straum?
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kor mykje straum produserer ein vindturbin?
- Kor stor plass treng ein vindturbin?
- Kor stor avstand må det vere mellom vindturbinane?
Mogleg utviding
Det kan vere formålstenleg å samanlikne straumforbruket til kryptofabrikkar med annan industri, skular, sjukehus og/eller forbruk i hushalda.
Oppgåva kan gi eit godt utgangspunkt for tverrfaglege klasseromsdiskusjonar. Drift av kryptofabrikkar krev store mengder straum, noko som til dømes kan føre til nedbygging av urørt natur.