Du er i eit hotellrom i New York og du skal besøkje observatoriet i toppen av Empire State Building.
Kor lang tid vil du bruke frå du går ut av hotellrommet til du er tilbake på hotellrommet?
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
- Kvar ligg hotellet i forhold til Empire State Building?
- Kor lang tid tek turistheisen til observatoriet i toppetasjen?
- Kor lang kø?
- Kor lenge kan du vere i observatoriet?
Mogleg utviding
- Viss du i staden bestemmer deg for å gå trappene, kor lang tid vil det ta?
Ide henta frå Jonas Bergman Ärlebäck og Christer Bergsten "On the Use of Realistic Fermi Problems in Introducing Mathematical Modelling in Upper Secondary Mathematics" i Richard Lesh et.al. (2010) "Modeling Students’ Mathematical Modeling Competencies", ICTMA 13, 602.