Figur gonger figur

Emojier som representerer tal

Vi har også fått inn mange gode forslag til nye oppgåver som liknar denne. Nedanfor finn du ni oppgåver som elevar ved Tåsen skule har laga og sendt inn til oss.

Ekaterina

Oppgave fra Ekaterina Skjelten

Jakob

Oppgave fra Jakob Lima Loe

Julie og Gabriel

Oppgave fra Julie og Gabriel

Kady

Oppgave fra Kady Elfeky

Laura Ane 

Oppgave fra Laura Ane Opheim

Magnus

Oppgave fra Magnus Svangtun

Martin og August 

Oppgave fra Martin og August

Mats 

Oppgave fra Mats Hannestad

Sofie 

Oppgave fra Sofie Rime Jobling

 

  • Kvar kan du begynne?
  • Kva kan du seie ut frå den første multiplikasjonen, med tre sinna-emojiar og ein stram muskel?
  • Kan du bruke det du no veit til å rekne vidare?

Kvifor arbeide med denne oppgåva?

Denne oppgåva kan hjelpe elevane med å bli kjende med at eit symbol (i dette tilfellet figurar) kan representere eit tal. Dei får også moglegheit til å øve på multiplikasjon og divisjon i ein utfordrande kontekst.

Mogleg tilnærming

Prøv å seie så lite som råd når du introduserer oppgåva. Berre det som står i oppgåveteksten, er nødvendig for å kunne kome i gang med utforskinga. Gi elevane nokre minutt til å tenkje individuelt på oppgåva, før du set dei saman i par slik at dei kan diskutere strategiar. Til slutt diskuterer de i heile klassen. Sjå etter gode strategiar som baserer seg på eigenskapar ved tala, og oppmuntre alle til å jobbe mot slike forklaringar.

Gode rettleiingsspørsmål

  • Kvar kan du begynne, og kvifor?
  • Korleis kan du halde god oversikt over det du har funne ut?

Mogleg utviding

Elevane kan prøve seg på oppgåvene som andre elevar har laga og sendt inn. Dei kan også lage sine eigne oppgåver og utfordre medelevar til å løyse dei. Kva krevst for at ein skal kunne løyse oppgåva?

Mogleg støtte

Somme elevar kan ha nytte av fysiske former (i papp/papir) som dei kan flytte rundt og skrive på. Du kan for eksempel skrive ut og klippe ut figurane frå kopioriginalen.