Ein tursti i nærområdet ditt treng nye klopper.
Kor mykje vil det koste?
Du må sjølv ta eigne val ved å bestemme avgrensingar og gjere antakingar. I nokre oppgåver må du også finne den informasjonen du treng for å kunne løyse oppgåva.
Kvifor arbeide med denne oppgåva?
På Matematikksenteret.no kan du lese kva modellering er og kvifor elevane bør arbeide med modellering.
Mogleg tilnærming
I arbeid med modelleringsoppgåver er det viktig å halde oppe ein balanse mellom rettleiing frå lærer og sjølvstendig arbeid for elevane.
Læraren må la elevane sjølv bestemme avgrensingar, gjere antakingar og finne den informasjonen dei treng for å kunne løyse oppgåva. Samtidig må læraren kunne gi hint eller stille spørsmål slik at elevane kjem vidare i modelleringsprosessen. På Matematikksenteret.no kan du lese meir om undervisning i modellering.
Mogleg støtte
La elevane få tid til å tenkje sjølv før du kjem med hint.
-
Kor mykje av turstien treng klopper?
-
Korleis skal kloppene sjå ut?
-
Kva slags materiale kan de bruke?
-
Kvar kan de få tak i materiale?
Ta utgangspunkt i ein tursti i nærområdet til elevane. Gå heile stien og vurder behovet for klopper, til dømes der det er vått eller gjørmete. Biletet viser eit døme på korleis klopper kan sjå ut.